Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Indre Troms mandag 18.03.2019

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Vær varsam i områder med fersk vindtransportert snø. Vedvarande svake lag av kantkorn kan påverkast, særleg rundt tregrensa og der snødekket er tynt.

Skredfarevurdering

Nysnø- og fokksnøflak kan finnast i mange himmelretningar, både i austvendte leformasjonar danna laurdag, men det blir truleg også danna nye flak i vestvendte leformasjonar utover dagen. Desse treng noko tid på å stabilisere seg, og ein enkelt person kan løyse ut skred i disse. I snødekket finnast det også vedvarande svake lag av kantkorn. Mange stadar er det vanskelege å påverke desse sidan det ligg hard fokksnø over, men enkelte stadar, særleg rundt og under tregrensa trengst det berre liten tilleggslast for å løyse ut skred. Eventuelle skred på slike lag kan bli middels store til store, og det er mogleg å fjernutløyse skred. Ta difor konservative vegval, særleg rundt og under tregrensa, men også i høgda der snødekket er tynt.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2). Fjernutløsing er mulig.

Kantkornet snø over skarelag

Nysnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Søndag 17. mars 2019

I regionen kom det noko snø fredag og laurdag, tidvis i kombinasjon med vind. I terrenget vekslar det difor mellom å vere ubunden snø, særleg under tregrensa, og vindpåverka snø i overflata. På dei mest vindutsette terrengformasjonane er det avblåst.

I samband med ei skare danna etter mildvêr 23. februar er det vedvarende svake lag av kantkorn. Laga har stor utbreiing og finnast i alle himmelretningar, men har varierande brotforplantningsevne. Laga utgjer eit skredproblem der det ligg bunden snø over.

Den siste tida har det gått fleire små og middels store skred på kantkornlag. Blant anna vart eit flakskred utløyst under skuterkjøring ved Istindan laurdag, og fredag gjekk det eit flakskred ved Rubben.

Fjellvær

Søndag 17. mars 2019

Oppholdsvær. Bris fra nordøst. -15 °C til -8 °C på 1100 moh. Delvis skyet.

Mandag 18. mars 2019

Oppholdsvær. Frisk bris fra øst. -15 °C til -9 °C på 1100 moh. Delvis skyet. Mest vind utsatte steder først på dagen.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS